Astrid S til Festidalen 26

Ei av Skandinavias største popstjerner til Festidalen!

Astrid S svevar høgt både nasjonalt og internasjonalt. Og peprar verda med popsnadder. Over 5 milliardar streams, nyleg utseld Oslo Spektrum, og gåvesekken proppa med allereie eviggjorte hitar. Og ei stove full av prestisjefulle prisar som til dømes MTV Awards og Spellemann.

Astrid S skriv og produserer sine eigne låtar, og regisserer sine eigne musikkvideoar. I desse juletider er ho igjen høgaktuell  med hovudrolla i storfilmen «Tre nøtter til Askepott». Noko som understrekar breidda i hennar kunstnartalent. Og i sommar får du sjå Astrid i sitt S når ho spelar ut heile sitt register under Festidalen.

Billettar


Neste
Neste

Frå ei mark til ei anna